Blog Image

Kvalpar på Månetoppen

Milla og Persson har vorte foreldre til fem flotte kvalpar

Her kan du følge dei frå fødsel og fram til levering. Vi vil legge ut bilder og fortelle litt om utviklinga til dei søte små :-)
Meir om Milla kan du finne på www.manetoppen.com , og om Persson på www.pebishar.com

Tre igjen..

veke 8-9 Posted on Fri, November 27, 2009 23:26:43

Dei to første er reist, og med nokre heldige minutt med opplett fekk vi oss ein tur fram på Mo, kjekt å springe på stor mark!
Marie, Markus og Vegar var med.


Ikkje lett å ta bilde når ein får motivet så nær smiley
Eller når det prøver å ete deg…
Full fart så lenge det varer…
.. dessverre går det ikkje mange minutta før svamp-pelsen må heim og tørke…
Men kjekt var det smiley !! (rosa, blå, turkis)



sisten dagen i samla flokk

veke 7-8 Posted on Fri, November 27, 2009 23:00:05

Om temperaturen (og regnet) er på vår side vert maten ofte servert ute.
Det er med på å gi gode vaner, for “naturen kaller” ofte rett etter måltidet…
Litt springing på plenen..
… før dei tek seg ein jafs av lyngen på veg inn.
Golvvasken begynner dei å få taket på…smiley



Ein liten presentasjon :-)

veke 7-8 Posted on Fri, November 27, 2009 22:46:44

Snart reiseklare fekk vi tatt nokre julebilder av kvalpane. Reinskinn og nissehue var greiene her, men kva kvalp på 7-8 veker har tid til å sitte still å leike teddybjørn…? Skinnet kan bedra ja… smiley
Det vart tatt ein del bilder, og dei fleste vart det mykje fart i…

Navn har dei også fått, så la meg få presentere:

Månetoppens Mimosa (lilla), skal heite Pia og bo i Jostedalen :

Månetoppens Mynte (rosa), ho seier ho skal bo her… smiley ?:

Månetoppens Misteltein
(grøn) skal heite Marco og bo i Sykkylven:
Månetoppens Myrull (blå) skal heite Jesper og bo i Syvde:
Månetoppens Molte
(turkis) skal heite Linus og bo i Ulsteinvik:
Lykke til!



Inneliv

veke 7-8 Posted on Fri, November 27, 2009 22:31:31

Denne årstida byr på så forskjellig frå værgudane, så etter fleire dagar med frisk luft fleire gonger for dag, vart det eit par innedagar. Då er det mykje energi på gang—, dei timane i døgnet dei er “bak lås og slå” går stort sett med til å sove, men det hastar med å kome seg ut av “bingen” når det skjer spennande ting på utsida 🙂
Fv: blå, rosa, turkis, grøn, lilla.
Litt “felleskontakt” smiley
–og forklaringa er Biola… Dei har fått litt biola yoghurt kvar når dei har vore på bordet for å venne seg til å verte “undersøkt” og stelt. Og alle fem melder seg som “forvasker” før skeia skal i oppvaskmaskinasmiley
Eit lite søk etter fòrkuler er også populært!