Nokre dagar før skjema byrja fødselen, ei spennande hending som kan by på mange opplevingar, mest av det gode, men også av og til av det trasige slaget. Dette er første kullet til Milla, så spenninga var stor då tida nærma seg. Milla takla det heile heilt fantastisk, då første kvalpen kom lurte ho nok litt på kva dette var for noko rart, men etter å ha fått helse litt nærmare på sin førstefødte var ho overbevist… —Dei skal ikkje sleppast av syne meir enn høgst nødvendig (og knapt nok då)….Ho fødte lett og tek seg godt av kvalpane, flink jente smiley

Det vart fem store kvalpar, ein aktiv og livskraftig gjeng.

Her var dei første to på plass, tredjemann er “under vasking”
Ei litt sliten mamma…
Her har alle fått prikkar på halerota i ulike fargar, rosa og lilla på dei to tispene, og grøn, turkis og blå på hannane.

— ein av gutta er på tur, men finn raskt (og med sjumilssteg smiley) tilbake til mor
— Og så vart det natta

Her er det liv i både rugekasse og kvalpekasse for tida…smiley Eit lite glimt frå fuglerommet i kjellaren. I ei av rugekassene til gouldsamadinane mine ligg det sju gapande ungar, ikkje vidare vakre no, men det tek dei igjen når dei er “ferdige”!