Mynte har vorte 11-12 veker, og vi prøvde oss med ei lita fotoseanse i hagen…
(det var dårleg med dagslys, så kvaliteten på bilda er deretter)
Isj, det vart jammen kaldt nok i rompa… Fotomodell livet kan vere ei utfordring.
Best å få varmen i seg igjen!
Har vokse litt også, i alle fall beina
Full fart er mottoet og hagen er ein trygg plass å brenne energi. Men så kom det snø i store mengder, og deretter temperaturer ned mot -25 i lang tid. Ikkje ideellt for ein energisk og nysgjerrig kvalp, så utelivet har vorte litt begrensa, no ser vi fram mot snøsmelting og våren!